Skånevik Naturoppleving er eit flott utgangspunkt til turar for personar som ønskjer å komma seg enno lenger til fjells og som vil bruka kroppen i det varierte og spennande terrenget.  Ein vil i tillegg til turen få oppleva storslått utsikt over fjord og fjell.  Ein treng ikkje gå så langt før ein får spektakulær utsikt over Åkrafjorden og Folgefonna.   

  Jacob losar oss innover til Juraskarskjerringa via fjellgarden Valdra, gjennom den flate Rodalen og opp Juraskaret til topps.  Dette er flott dagstur 5,5 - 6 timar. 


 Juraskarskjerringa - fjellformasjon med myte til                                  

    Juraskarskjeringa kneisar i himlasyn over Rodalen med fantastisk utsyn over Skåneviksfjorden på den eine sida og Stordalen med Etnebygda på den andre sida.



Sjå Turistinformasjonen for omtale av merka turløyper i området!

 Sjå våre biletalbum: