|
| Bygda
ved Skåneviksfjorden er omkransa av flott natur og har
ca. 1000 innbyggjarar. Tettstaden er den nest største i Etne
kommune. Skånevik har eit variert næringsliv der
industri og service står i sentrum. Kulturen har
også ein viktig plass med tre store, årlege
arrangement: Skånevik
Bluesfestival, Torgdagane
og Jakt-,
Fiske - og Turdagane, som dei mest kjende. Vi har
omsorgssenter, helsesenter, Idrettshall, stadion med gras - og grusbane,
ein godt utstyrt b/u-skule i delvis nye lokaler, godt
barnehagetilbod, kyrkje og eit flott hotell. Les meir på
websida
og på Turistinformasjonen
til bygda Skånevik.
Vi
samarbeider med:

|


House of
Blues |
|
Reise
til Skånevik
Planlegg
turen til Skånevik med reiseplanleggaren
på Gule Sider eller www.map24.no.
Ein kjem til Skånevik
med buss, ferje, westamaran, privatbil eller eigen båt:
- Frå nord og vest køyrer
ein gjennom Kvinnherad eller Stord. Frå aust
og sør tar du E-134 til Skånevik. Ein kan ta bussen frå
Haugesund og aust- og sørlandet (Haukeliekspressen)
- Westamaran
frå Bergen og Stavanger over Stord
- Næraste flyplass ligg
utanfor Haugesund med bussamband til Skånevik.
Flesland flyplass utanfor Bergen har westamaransamband med
Skånevik.
- Skånevik har ei svært
fin gjestehamn for småbåtar.
-
Les
om rutene til
Tide
Les
meir om om reise til Skånevik!
|
|
|