Villmarksleiren
er ein sentral del av Skånevik Naturoppleving. Denne ligg
yttarst på eit flatt berg oppe på Åsheim med strålande
utsikt over Skånevik, Skåneviksfjorden og land og øyer mot
vest og nord. Leiren består av ulike platå og har mellom anna fleire
bålplassar, skifer og benkeplassar,
vedfyrt badestamp og toalett. Gapahuk med grue og plass opp
til 40 gjester. Huldrehuset med vedovn som
har plass til 70-80 gjester. |
Det
er veg heilt opp til parkeringsplassen som ligg like ved
leiren. Dette gjer at gjester som til dømes bur på
Skånevik Fjordhotel kan velja om dei vil bli transportert opp,
eller gå ein fin tur frå Skånevik sentrum.
I villmarksleiren
kan ein få spennande og lærerike opplevingar, gjerne kombinert
med arrangement hos
Skånevik Fjordhotel,
Skånevik
Fjordresidens og
Skånevik
Fjordsafari, som er nokre av våre samarbeidspartnarar. |